Valdresbanen er ein nedlagt sidebane av Gjøvikbanen. Han gjekk frå Eina stasjon til endestasjonen Fagernes. Valdresbanen vart ferdigstilt i 1906 og hadde ei lengde på 109 km. I starten var banen privat, men vart overteken av NSB frå 1937 til rutetoga vart innstilt i 1988. Skjenegangen nærmast Fagernes er no fjerna. Det har i seinare år gått turisttog mellom Eina og Dokka.
Aksjeselskapet AS Valdresbanen vart skipa i 1991 for å stå for drift av turisttog og chartertog på Valdresbanen, og for utleige av dresinar (skjenesyklar) til bruk på nokre strekningar av banen. Ei foreining, Foreningen Nye Valdresbanen, har som føremål å fremje interessa for banen og utvikle han som turistbane, og har som overordna mål å få i gang att ordinær togdrift på banen [1].