62°19′59″N 7°20′10″E / 62.333°N 7.336°E
Valldal er eit dalføre som går dei om lag 30 kilometrane frå Storfjorden på Sunnmøre og til toppen av Trollstigen. Elva Valldøla renn gjennom dalen. Store delar av dalføret har ein flat og lågtliggande dalbotn med god tilhøve for jordbruk, og eit varmt og godt klima har ført til at Valldalen har god produksjon av varmekjære vekstar. Det skarpt avgrensa dalføret og dei bratte fjellsidene langs Storfjorden har gjort Valldalen til eit bygdelag med klar identitet. Valldal har om lag 1000 innbyggjarar. Det er gode tilhøve for friluftsliv i naturen.
Fjørå og fjellgardane ovanfor blir administrativt ofte rekna som del av Valldal, sjølv om det ikkje ligg i sjølve dalen. Vegen til Tafjord passerer i tunnel under staden der ein fjellhammar raste ut og skapte Tafjord-ulukka. Tafjord er ikkje del av Valldal. Strandgarden Linge høyrer også til Valldal. Langdal er siste garden før fjellovergangen Trollstigen.
Valldal (eller Valdal) er også namnet på ei av dei største grendene midt i dalen.
Strandstaden Sylte ligg nedst i Valldalen, ved Norddalsfjorden i Storfjorden, midtvegs mellom dei kjende reisemåla Geirangerfjorden og Trollstigen. Sylte er sentrum i Valldal, med ei av to kyrkjer i kommunen, Sylte kyrkje, og kommunesenter for Fjord kommune, som Valldal høyrer til. På Sylte er det også daglegvarebutikkar og andre sentrumsfunksjonar.
Den nasjonale turistvegen Trollstigen-Geiranger går gjennom Valldal med Gudbrandsjuvet.[1] Valldal var også med i det tidlegare reiselivsproduktet The Golden Route.