Varselfargar er sterke, iaugefallande fargar som signaliserer at eit dyr er giftig, farleg eller uetande. Dei er særleg vanlege hjå insekt, ei gruppe som jo er svært artsrik – men finst òg hos m.a. slangar, frosk,[1] padder og pattedyr. Det finst flest dyr med varselfargar i tropane, men ein finn òg mange på høgare breiddegradar. Mest kjent i Noreg er nok dei svarte og gule stikkvepsane. Også marihøner – som skil ut ei gul væske som fuglar set lite pris på – har varselfargar. Varselfargar fungerer i høve til predatorar som jagar eller orienterer seg ved hjelp av synet, t.d. fuglar, og dei finst vesentleg hos dagaktive dyr. I høve til dyr som maur og flaggermus har dei liten eller ingen verknad.