Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Veng

Svevande måse
Vengutformingar: Eit fly med bakoverbøygde venger fyller bensin på fly med deltavenge

Ein veng, venge eller vengje er ein finne med ei form som skaper løft med hjelp av aerodynamiske krefter om han rører seg gjennom luft eller andre gassar, vatn eller andre væsker. Venger kan medvirke til å regulere høgdnivået på ein lekam, men berre når det er ein relativ fart i høve til gassen eller væska han omgjev seg med.

'Veng' kjem frå frå det norrøne vængr.[1] Gjennom fleire hundreår har omgrepet hovudsakleg vist til dei fremste lemmane på fuglar, men i dei siste hundreåra er tydinga til ordet utvida til å omfatte flymaskinar, ein flyveng. Propellvenger, òg propellblad, har til føremål å flytte luft eller vatn. Møllevenger er laga for å hente mekanisk energi ut lufta som passerer. Racerbilar kan nytte venger til å skape ei nedkraft som hjelper til auka friksjon mot underlaget.

Mange vassfuglar inkludert pingvinar, alkefuglar, skarvar, lirer, dukkpetrellar og ender som ærfugl er utmerkte dukkarar og nyttar vengene til framdrift gjennom vatn.[2]

Den aerodynamiske kvaliteten til ein veng kan uttrykkjast som løft-til-drag forholdet. Løftet som ein veng genererer ved ein gjeven fart og angrepsvinkel kan vere ein til to storleiksordenar større enn det totale draget på vengen. Eit høgt forholdstal krev ein monaleg mindre skyvekraft for å drive vengene gjennom lufta med tilstrekkeleg løft.

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet nnob
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet stanford

Previous Page Next Page






ክንፍ AM جناح Arabic Chhiqa AY قاناد AZB Sparns BAT-SMG Pakpak BCL Крыло BE-X-OLD Sayap BEW Крило Bulgarian Halar BJN

Responsive image

Responsive image