Victoria | |||
| |||
Dronning av det britiske samveldet og keisarinne av India | |||
Periode | Britisk dronning frå 20. juni 1837, keisarinne av India frå 1. januar 1877, begge til 22. januar 1901 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 24. mai 1819 i Kensington Palace i London | ||
Fødestad | Kensington Palace | ||
Død | 22. januar 1901 i Osborne House på Isle of Wight | ||
Dødsstad | Osborne House | ||
Mor | Victoria av Sachsen-Coburg-Saalfeld | ||
Far | Edward Augustus | ||
Ektefelle | Albert av Sachsen-Coburg-Gotha | ||
Barn |
| ||
Medlem | Royal Society | ||
Føregangar | Wilhelm IV | ||
Etterfølgjar | Edvard VII |
Alexandrina Victoria (24. mai 1819–22. januar 1901) av det tyske fyrstehuset Hannover var regjerande dronning av det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, med koloniar, i 63 år, sju månadar og to dagar, frå 20. juni 1837 til 22. januar 1901. Tidsrommet er den nest lengste regjeringstida for nokon britisk monark. Den seinare dronninga Elizabeth II blei dronning i 1952 og var monark i 70 år til ho døydde i 2022.