Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Vym

Vym
elv
Vym 20 km frå munningen
Land  Russland
Nedslagsfelt 25 600 km²
Lengd 499 km
Middelvassføring 196 /s
Kjelde Timanryggen
Munning Vytsjegda
Kart
Vym
62°13′00″N 50°23′32″E / 62.216666666667°N 50.392222222222°E / 62.216666666667; 50.392222222222
Wikimedia Commons: Vym River

Vym (russisk Вымь) er ei elv i Republikken Komi i Russland. Ho er ei av sideelvane til Vytsjegda i nedslagsfeltet til Nordre Dvina. Elva har ei lengd på 499 km og eit nedslagsfelt på 25 600 km². Middelvassføringa hennar er på 196 m³/s.

Vym har utspring på sørsida av Timanryggen. Ho renn sørover gjennom eit flatt taigalandskap. I dei øvre delane av elva er det fleire stryk. Ho renn ut i Vytsjegda nær busetnaden Ust-Vym. Elva vert nytta til tømmerfløyting og er framkommeleg for skipsfart i den nedre delane.

Dei største sideelvane hennar er Vorykva, Edva, Pozjeg og Tsjub frå høgre og Koin og Vesljana i venstre.


Previous Page Next Page






نهر ڤيم ARZ Vim (kuksa) AVK Вым BE Вим Bulgarian Riu Vim Catalan Vym' CEB Vym Czech Вымь CV Vym Danish Wym German

Responsive image

Responsive image