Westerschelde er estuaret til elva Schelde sørvest i Nederland. Elva hadde ein gong fleire estuar, men desse heng ikkje lenger saman med Schelde slik at Westerschelde i dag er den einaste direkte vegen til sjøen. Westerschelde er ei viktig transportåre til hamna i Antwerpen derfor er elva, i motsetnad til fleire av dei andre greinene ikkje lukka av ei demning som ein del av Deltaprosjektet. I staden for er dika rundt elva gjort høgare og sterkare.
Mange skip har forlist i Westerschelde. I samband med ein avtale mellom Nederland og Flandern i 1995 vart mange av desse vraka fjerna for å betre tilgangen til Antwerpen. Dei siste 38 vraka vart fjerna i løpet av 2003. Det største vraket var den 131 meter lange «Alan A. Dale» som vart fjerna i juni 2003.