Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Wicklowfjella

Wicklowfjella
fjell
Upper Lake ved Glendalough
Land  Republikken Irland
Fylke Leinster
Høgd 925 moh.
Bergartar frå 500 millionar år
Koordinatar 53°05′N 6°20′W / 53.083°N 6.333°W / 53.083; -6.333
Kart
Wicklowfjella
53°05′00″N 6°20′00″W / 53.083333333333°N 6.3333333333333°W / 53.083333333333; -6.3333333333333
Wikimedia Commons: Mountains of County Wicklow

Wicklowfjella (irsk Sléibhte Chill Mhantáin) er ei fjellkjede søraust i Republikken Irland. Ho inneheld mellom anna dei nordlege Dublinfjella og går hovudsakleg frå nord til sør frå sør i County Dublin gjennom County Wicklow og inn i County Wexford. Lugnaquilla er det høgaste fjellet med ei høgd på 925 meter over havet, Mullaghcleevaun med 847 moh er det nest høgaste. Fjellet Kippure er det høgaste punktet i County Dublin med 757 moh.

Elva Slaney har sitt utspring sørvest for Lugnaquilla og renn så sørover langs vestsida av fjella i 72 km før ho munnar ut i Irskesjøen ved Wexford.

Dublinarne går mykje på tur i området, særleg i helgene, og fjella er eit populært rekreasjonsområde som vert nytta til fiske, rafting og fjellturar. Midt i fjella ligg klosterbusetnaden Glendalough, som ein meiner vart grunnlagd av St. Kevin. Her ligg òg Powerscourtfossen, det høgaste fossefallet på Irland.

Den sørlege grensa til Wicklowfjella er sett ved fjellet Croghan, det høgaste punktet på grensa mellom Wicklow og Wexford, og den einaste staden på Irland der ein opplevde gullfeber på 1800-talet.


Previous Page Next Page