Wijdefjorden | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | Grønlandshavet | ||
![]() Wijdefjorden 79°37′45″N 15°27′00″E / 79.62916667°N 15.45°E | |||
Wikimedia Commons: Wijdefjorden |
Wijdefjorden (uttalt veidefjorden) er ein fjord på nordsida av Spitsbergen på Svalbard. Fjorden <!er ?? km brei ved munningen og--> skjer 109 km rett inn i landet mellom Andrée Land i vest og Margaretas Land (Ny-Friesland) i aust. Han smalnar jamnt av innover og har berre ei sidearm, Vestfjorden, som tar av mot vest i den indre delen. Lengre inn blir Wijdefjorden òg kalla Austfjorden.
Wijdefjorden er den lengste fjorden på Svalbard, lengre enn Isfjorden som skjer inn i Spitsbergen frå vest.
Fjordsidene er bratte, spesielt i vest kor fjella reiser seg nesten loddrett 1000–1165 meter over havet. I aust er fjella litt slakare, opp til 900 meter ytst og 1636 moh. inst i fjorden, og med isbreen Åsgardfonna oppå fjella i aust. Inst og på austsida ligg dei høgste fjella på Svalbard, Perriertoppen og Newtontoppen.
Inst i fjorden fell Mittag-Lefflerbreen heilt ned til fjorden frå det slake partiet heilt i sør, i Dickson Land.