Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Yngre dryas

Tre temperaturregistreringar. Iskjernar frå Grønland (raudt) syner yngre dryas som ei hending kring 11 000 år sidan. Den vertikale aksen syner δ18O, som er eit mål på temperaturen.

Yngre dryas er ein klimaperiode, stundom kalla den store fryseperioden,[1] i ein geologisk kort (1300 ± 70 år) periode med kalde klimatilhøve og tørke i perioden frå om lag 12 800 til 11 500 år sidan.[2] Ein trur yngre dryas-tida vart skapt då den nordamerikanske iskalotten kollapsa, men det finst òg andre motseiande teoriar.

Perioden følgde Bølling-Allerød interstadial mot slutten av pleistocen og før preboreal tidleg i holocen. Han er kalla opp etter den alpine tundrablomen Dryas octopetala.

Yngre dryas er òg ein klimaperiode hos Blytt-Sernander som ein finn i lag i nordeuropeiske torvmyrer. Klimaperioden er datert til 12 900 til 11 500 år sidan. Eldre dryas stadial kom før Allerød-stadialet, om lag 1000 år før yngre dryas, og varte 300 år.[3]

  1. Berger, W. H. (1990). «The Younger Dryas cold spell — a quest for causes». Global and Planetary Change 3 (3): 219–237. doi:10.1016/0921-8181(90)90018-8. 
  2. Muscheler, Raimund; et al. (2008). «Tree rings and ice cores reveal 14C calibration uncertainties during the Younger Dryas». Nature Geoscience 1 (4): 263–267. doi:10.1038/ngeo128. 
  3. doi:10.1111/j.1502-3885.1974.tb00669.x

Previous Page Next Page






درياس الأصغر Arabic Böyük Şaxta AZ Dryas recent Catalan Mladší dryas Czech Yngre Dryas Danish Jüngere Dryaszeit German Younger Dryas English Dryas Reciente Spanish دریاس جوان FA Nuorempi dryas Finnish

Responsive image

Responsive image