Abraham Lincoln | |||
| |||
President i USA | |||
Periode | 4. mars 1861–15. april 1865 | ||
---|---|---|---|
Parti | Det republikanske partiet, Whig Party, National Union Party | ||
Fødd | 12. februar 1809 i Hardin County i Kentucky | ||
Fødestad | Hodgenville, Sinking Spring Farm | ||
Død | 15. april 1865 i Washington, D.C. | ||
Dødsstad | Washington, Petersen House | ||
Mor | Nancy Lincoln | ||
Far | Thomas Lincoln | ||
Ektefelle | Mary Todd Lincoln | ||
Barn | Robert, Edward, William og Thomas («Tad») | ||
Føregangar | James Buchanan | ||
Etterfølgjar | Andrew Johnson |
Abraham Lincoln (12. februar 1809–15. april 1865) var president i USA frå 1861 til 1865, den 16. i presidentrekkja. Lincoln er mest kjend for å ha avskaffa slaveriet etter ein omfattande borgarkrig. I sluttfasen av borgarkrigen vart Lincoln drepen av skodespelaren John Wilkes Booth. Han vart skoten i hovudet under ei framsyning av skodespelet Our American Cousin («Det amerikanske syskenbarnet vårt») på Fordteateret i Washington, D.C.
Lincoln sitt leiarskap har fått mykje av æra for at USA framleis er ein nasjon etter at 11 statar i sør braut ut av Unionen og forma Amerikas Konfødererte Statar i 1861. I 1863 utstedte han Frigjeringserkleringa som frigjorde slavane i dei områda som Unionen erobra frå Konføderasjonen. Han var òg ein av dei fremste forkjemparane for det 13. tillegget til den amerikanske grunnlova som forbaud slaveri i heile landet.
Lincoln har i ettertid fått mykje skryt for leiareigenskapane sine. Historikarar trekk spesielt fram tilsettinga av Ulysses S. Grant og andre toppgeneralar, som førte til at Borgarkrigen vart snudd i Unionens favør. Lincoln har fått mykje av æra for at USA gjekk attende til dei grunnleggjande prinsippa som vart formulerte i den amerikanske sjølvstendefråsegna. Lincoln var ein flink folketalar, og tala han heldt på slagmarka i Gettysburg nokre månader etter det kjende slaget der vert framleis rekna for å vere ei av dei viktigaste talene i amerikansk historie.
Opp gjennom åra har det vore fleire store spørjeundersøkingar i USA om kven som var den beste presidenten gjennom historia. Lincoln har i alle dei store undersøkingane vorte rangert mellom 1 og 3. Franklin D. Roosevelt er den einaste i tillegg til Lincoln som berre vert rangert på desse plassane. Lincoln er den presidenten som har vorte rangert høgast i gjennomsnitt i undersøkingane.