Agatha Christie | |
Pseudonym | Mary Westmacott |
Statsborgarskap | Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Fødd | 15. september 1890 Torquay, Ashfield |
Død |
12. januar 1976 (85 år) |
Yrke | skribent, romanforfattar, manusforfattar, dramaturg, prosaforfatter, sjølvbiograf, lyrikar, skodespelforfattar, krimforfatter |
Språk | engelsk |
Sjanger | Kriminalroman, eventyrroman, sjølvbiografi, detektivforteljing |
Medlem av | Royal Society of Literature |
Far | Frederick Alvah Miller |
Mor | Clarisa Margaret Boehmer |
Ektefelle | Max Mallowan, Archie Christie |
Born | Rosalind Hicks |
Agatha Christie på Commons |
Agatha Mary Clarissa Christie (15. september 1890–12. januar 1976), fødd Miller, var ein engelsk forfattar. Som Agatha Christie blei ho verdskjend for kriminalforteljingane sine, særleg dei om detektivheltane Miss Marple og Hercule Poirot, og har fått tilnamnet «Krimdronninga», the Queen of Crime. Christie gav ut over åtti bøker som er blitt omsette til meir enn hundre språk, og er med rundt fire milliardar selde bøker blitt rekna som den besteseljande enkeltforfattaren av bøker gjennom tidene. Ei rekke av forteljingane hennar er blitt filma og laga om til fjernsynsseriar. Christie gav òg ut stoff, særleg ikkje-krim, under løyndenamnet Mary Westmacott.