Amalfikysten eller Costiera Amalfitana på italiensk er ei kyststripe på sørsida av Sorrentinahalvøya i Italia (provinsen Salerno), som strekkjer seg frå Positano i vest til Vietri sul Mare i aust. Av byar på Amalfikysten finn ein Vietri sul Mare, Cetara, Maiori, Minori, Ravello, Scala, Atrani, Amalfi, Conca dei Marini, Praiano og Positano. Amalfikysten er kjend for det kupperte terrenget, den vakre nature og dei pittoreske landsbyane og er ein del av UNESCO si verdsarvliste.
Området vart skriven om i Positano (1953) av den amerikanske forfattaren John Steinbeck.