Aminosyre

Ei aminosyre er ei organisk sambinding som inneheld ei aminogruppe (-NH2) og ei syregruppe (-COOH). Aminosyrer kan danna lange kjeder ved at aminogrupper reagerer med syregrupper. Dette vert kalla peptidbinding.

Innan biokjemi omtalar ein gjerne alfa-aminosyrer med det kortare namnet aminosyre. Alfa-aminosyrene har formel NH2-CHR-COOH der sidegruppa R kan variera. Desse er intermediat i stoffskiftet, og er spesielt byggesteinar i protein. Alfa-aminosyrene vert inndelte etter dei kjemiske eigenskapane til sidegruppene og korleis dei oppfører seg under fysiologiske forhold (37 °C, pH 7,4).

Generell struktur av alfa-amionsyrer:

  COOH
  |
H-C-R
  |
  NH2

Aminosyre

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne