Android

Android


Utviklar(ar)Open Handset Alliance, Google
Utgjeve23. september 2008
Nyaste versjon15.0.0 r12 (7. januar 2025)
PlattformMIPS, ARM, x86
Skrevet iC, C++, Kotlin, XML-skjema, Programmeringsspråket Java, Rust
OppdateringsmetodeGoogle Play, F-Droid, Yandex.Store, Galaxy Store, APK, Amazon Appstore
Avleidde systemColorOS, LineageOS, CyanogenMod, Remix OS, Replicant, OmniROM, Huawei EMUI, Fire OS, MIUI, One UI, Resurrection Remix OS, Android-x86
LisensApache License 2.0, GPLv2
Nettstadhttps://www.android.com/
Android mobilapplikasjon

Android er eit Linux-basert operativsystem for mobile einingar som smarttelefonar og tablett-datamaskiner. Utviklinga blir gjort av Open Handset Alliance leia av Google.[1][2]

Google kjøpte den fyrste utviklaren av programvara, Android Inc., i 2005. Avdukinga av Android-distribusjonen i 2007 vart kunngjort med grunnlegginga av Open Handset Alliance, eit konsortium av 86 maskinvare-, programvare- og telekommunikasjonsverksemder med føremål å fremma opne standardar for mobile einingar. Google gjev ut Android-kode som open kjeldekode, under Apache-lisens. Android Open Source Project (AOSP) har ansvaret for vedlikehald og vidareutvikling av Android.

Android har eit stort fellesskap av utviklarar som skriv applikasjonar («appar») som utvidar funksjonane til einingane. Utviklarar skriv primært i ein tilpassa versjon av Java. Appar kan lastast ned frå tredjeparts nettstadar eller via nettbutikkar som Google Play (tidlegare Android Market), som er drifta av Google. I februar 2012 var det meir enn 450 000 appar tilgjengeleg for Android, og estimert mengd program som vart lasta ned frå Android Market passert i desember 2011 ti milliardar.[3][4]

Android blei ført opp som den bestseljande plattforma for smarttelefoner på verdsbasis i 4. kvartal 2010 av Canalys. I februar 2012 var det over 300 millionar Android0einingar i bruk, og ifylgje Andy Rubin i Google vart det i februar 2012 aktivert 850 000 Android-einingar kvar dag.[5][6]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 22. februar 2011, henta 24. februar 2011 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 19. februar 2011, henta 24. februar 2011 
  3. http://www.t3.com/news/android-market-reaches-500000-app-mark
  4. http://www.wired.com/gadgetlab/2011/12/10-billion-apps-detailed/
  5. http://uk.reuters.com/article/2011/01/31/oukin-uk-google-nokia-idUKTRE70U1YT20110131
  6. http://www.canalys.com/newsroom/google’s-android-becomes-world’s-leading-smart-phone-platform

Android

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne