Arbeid utført av eit system i termodynamikk er energien som vert overført frå systemet til eit anna ved hjelp av endringar i dei ytre generaliserte mekaniske restriksjonane til systemet. Slik sett er eit termodynamisk arbeid ei generalisering av konseptet mekanisk arbeid i mekanikk.
Dei ytre generaliserte mekaniske restriksjonane kan vere kjemiske[1], elektromagnetiske[1][2][3] (inkludert stråling[4], som i laser-kraft), gravitasjon[5], eller trykk/volum eller andre enkle mekaniske restriksjonar[6], som moment[4], som i strålingsoverføring. Termodynamisk arbeid er definert til å kunne målast utelukkande ut frå kjennskapen til slike ytre makroskopiske restriksjonsvariablar. Desse makroskopiske variablane opptrer alltid i kopla par, som til dømes trykk og volum[6], magnetisk flukstettleik og magnetisering[2], molbrøk og kjemisk potensial[1]. i SI-system vert arbeid målt i joule (symbol: J). Endringa som arbeidet vert utført i er effekt.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Guggenheim, E.A. (1985). Thermodynamics. An Advanced Treatment for Chemists and Physicists, seventh edition, North Holland, Amsterdam, ISBN 0444869514.
- ↑ 2,0 2,1 Jackson, J.D. (1975). Classical Electrodynamics, second edition, John Wiley and Sons, New York, ISBN 047143232X.
- ↑ Konopinski, E.J. (1981). Electromagnetic Fields and Relativistic Particles, McGraw-Hill, New York, ISBN 007035264X.
- ↑ 4,0 4,1 Essex, C., Kennedy, D.C., Bludman, S.A. (2005). "The nonequilibrium thermodynamics of radiation interaction", Chapter 12, s. 603-626 i Variational and Extremum Principles in Macroscopic Systems, ed. S. Sieniutycz, H. Farkas, Elsevier, Amsterdam, ISBN 0080444881.
- ↑ North, G.R., Erukhimova, T.L. (2009). Atmospheric Thermodynamics. Elementary Physics and Chemistry, Cambridge University Press, Cambridge (UK), ISBN 9780521899635.
- ↑ 6,0 6,1 Kittel, C. Kroemer, H. (1980). Thermal Physics, second edition, W.H. Freeman, San Francisco, ISBN 0716710889.[1]