Argyre Planitia er eit nedslagskrater på Mars med ein diameter på kring 900 km. Krateret har ein lys okerfarge når det ikkje er dekt av frost. Kraterkantane er opp til 3 km høge. Krateret er kringsett av fjellkjedene Nereidum Montes i nord og Charitum Montes i sør.