Aserbajdsjan

Azərbaycan Respublikası

(norsk: Aserbajdsjan, aserbajdsjansk)

Det aserbajdsjanske flagget Det aserbajdsjanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Azərbaycan marşı»
Geografisk plassering av Aserbajdsjan
Offisielle språk Aserbajdsjansk (Nordaserbajdsjansk)
Hovudstad Baku
Styresett
Republikk
İlham Əliyev
Artur Rasizadə
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
86 600 km² (112.)
Ubetydeleg
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
9 961 396 (91.)
115 /km² (71.)
Sjølvstende
frå Sovjetunionen
30. august 1991
Nasjonaldag 28. mai
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
174 300 mill. USD (65.)
20 500 USD (67.)
Valuta Manat
Tidssone UTC +4
Telefonkode +994
Toppnivådomene .az


Aserbajdsjan, offisielt Republikken Aserbajdsjan (aserbajdsjansk Azərbaycan Respublikası) er ein republikk i den søraustlege delen av Kaukasia, og det største landet i denne regionen. Mesteparten av landet ligg i Asia, men ein liten del ligg på europeisk side nord for Kaukasus. Aserbajdsjan grensar til Armenia, Georgia, Iran, Russland, Tyrkia og Kaspihavet. Eksklaven Nakhitsjevan grensar til Armenia i nord og aust, Iran i sør og vest og har ei kort grense mot Tyrkia i nordvest.

Aserbajdsjan har ei eldgamal og historisk kulturarv. Landet var av fødestadene til mennesket og ligg i hjartet av dei gamle sivilisasjonane.[1] Landet er kjent for å vere blant dei mest progressive og sekulære islamske samfunna i verda. I tillegg til å vere det første muslimske landet til å byggje operaer, setje opp teaterstykke og vere ein demokratisk republikk, er Aserbajdsjan i dag av dei muslimske landa der støtta for sekularisme og toleranse er høgast.[2] Den demokratiske republikken Aserbajdsjan var den første demokratiske og sekulære republikken i den muslimske verda,[3][4][5] vart oppretta i 1918, men vart innlemma i Sovjetunionen i 1920.[6][7] Aserbajdsjan vart anerkjend som sjølvstendig nasjon i 1991. Kort tid etter, under Nagorno-Karabakh-krigen, okkuperte nabolandet Armenia Nagorno-Karabakh, omliggjande område og enklavane Karki, Yukhary Askipara, Barkhudarly og Sofulu. Republikken Nagorno-Karabakh, som oppstod som følgje av dette, er framleis ikkje diplomatisk anerkjend av andre land, og regionen er framleis de jure rekna som ein del av Aserbajdsjan, trass i at det de facto har vore sjølvstendig sidan slutten av krigen.[8]

Aserbajdsjan er ein sekulær og unitær republikk. Han er ein av dei seks sjølvstendige tyrkiske statane, og ein aktivt medlem av Det tyrkiske rådet og TÜRKSOY-samfunnet. Aserbajdsjan har diplomatiske tilhøve med 158 land og er medlem i minst 38 internasjonale organisasjonar.[9] Han er ein av dei grunnleggjande medlemene av GUAM, organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen og Samveldet av uavhengige statar (SUS).[10] Den 9. mai 2006 vart Aserbajdsjan vald som medlem i det nyoppretta Menneskerettsrådet av SNs generalforsamling.[11] Ei spesialutsending frå Europakommisjonen held til i landet, som òg er medlem av Dei sameinte nasjonane, OSSE, Europarådet, og NATO sitt Partnarskap for fred-program. Aserbajdsjan er medlem av Organisasjonen av alliansefrie nasjonar, korrespondent i International Telecommunication Union og har observasjonsstatus i Verdshandelsorganisasjonen.[9][12] 1. januar 2012 vart landet medlem av Tryggingsrådet i SN for to år.[13]

Den aserbajdsjanske grunnlova nemner ikkje ein offisiell religion, men flesteparten av innbyggjarane er sjiamuslimar. Den muslimske identiteten er meir basert på kultur og etnisitet enn religion, og Aserbajdsjan er rekna som ein av dei mest liberale av dei større muslimske nasjonane.[14] Etter å ha fått sjølvstende har Aserbajdsjan nådd eit høgt nivå av samfunnsutvikling, økonomisk utvikling, levestandard og lesekunne saman med låg arbeidsløyse og sjølvmordsrate samanlikna med andre austeuropeiske og SUS-land.[15] På den andre sida er korrupsjon utbreidd, særleg i det offentlege.[16]

  1. The Middle East: Abstracts and index, Volume 29, Part 3. Library Information and Research Service. 2005. 
  2. E. Cornell, Svante (2006). The Politicization of Islam in Azerbaijan. Silk Road Paper. s. 124, 222, 229, 269–270. 
  3. «93 years pass since establishment of first democratic republic in the east – Azerbaijan Democratic Republic». Azerbaijan Press Agency. Henta 28. mai 2011. 
  4. Kazemzadeh, Firuz (1951). The Struggle for Transcaucasia: 1917–1921. The New York Philosophical Library. s. 124, 222, 229, 269–270. 
  5. Swietochowski, Tadeusz (2004). Russian Azerbaijan, 1905–1920: The Shaping of a National Identity in a Muslim Community. Cambridge University Press. s. 129. ISBN 0521522455. 
  6. Swietochowski, Tadeusz (1995). Russia and Azerbaijan: A Borderland in Transition. Columbia University Press. s. 69, 133. ISBN 978-0-231-07068-3. 
  7. Pipes, Richard (1997). The Formation of the Soviet Union: Communism and Nationalism 1917–1923 (2nd utg.). Cambridge, Massachusetts: Harvard University Press. s. 218–220, 229. ISBN 0674309510. 
  8. «Резолюция СБ ООН № 822 от 30 апреля 1993 года». United Nations. Arkivert frå originalen 30. mai 2012. Henta 12. april 2012.  (russisk); «Резолюция СБ ООН № 853 от 29 июля 1993 года». United Nations. Arkivert frå originalen 30. mai 2012. Henta 12. april 2012.  (russisk);«Резолюция СБ ООН № 874 14 октября 1993 года». United Nations. Arkivert frå originalen 30. mai 2012. Henta 12. april 2012.  (russisk); «Резолюция СБ ООН № 884 от 12 ноября 1993 года». United Nations. Arkivert frå originalen 30. mai 2012. Henta 12. april 2012.  (russisk)
  9. 9,0 9,1 «Azerbaijan: Membership of international groupings/organisations:». British Foreign & Commonwealth Office. Arkivert frå originalen 31. juli 2003. Henta 12. april 2012. 
  10. Europa Publications Limited (1998). Eastern Europe and the Commonwealth of Independent States. Routledge. s. 154. ISBN 1857430581. 
  11. «Elections & Appointments – Human Rights Council». United Nations. Henta 12. april 2012. 
  12. «The non-aligned engagement». The Jakarta Post. Henta 12. april 2012. 
  13. Charbonneau, Louis; Worsnip, Patrick (24 October 2011). «Azerbaijan wins U.N. council seat, Slovenia withdraws». Reuters. Arkivert frå originalen 8. mai 2013. Henta 12. april 2012. 
  14. South Travels - Azerbaijan; Culture of Azerbaijan - Safari The Globe
  15. «Human Development Index and its components» (PDF). United Nations Development Programme. Arkivert frå originalen (PDF) 21. november 2010. Henta 12. april 2012. ; «Employment statistics in Azerbaijan». The State Statistical Committee of the Republic of Azerbaijan. Henta 12. april 2012. ; «Azerbaijan has one of the lowest crime rates per 100,000 residents in CIS». Today.Az. February 9, 2011. ; «Interactive Infographic of the World’s Best Countries». Newsweek.com. 15. august 2010. Arkivert frå originalen 28. juli 2011. Henta 12. april 2012. ; Literacy rate among schoolchildren in Azerbaijan is 100% - UN report Arkivert 2015-12-08 ved Wayback Machine.; Central Intelligence Agency - The World Factbook - Azerbaijan Arkivert 2012-05-04 ved Wayback Machine.
  16. Azerbaijan and the 2013 presidential election UK Parliament briefing paper, 25 October 2013; Transparency International CORRUPTION PERCEPTIONS INDEX 2012

Aserbajdsjan

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne