Aserbajdsjansk historie | |||
| |||
Antikken | |||
---|---|---|---|
Antikken og romartida | |||
Atropatene | |||
Det første persiske riket og Aleksander den store | |||
Kaukasisk Albania | |||
Mellomalderen | |||
Islamsk periode | |||
Seldsjukkane | |||
Atabegar av Aserbajdsjan | |||
Ilkhanatat | |||
Qara Qoyunlu | |||
Aq Qoyunlu | |||
Shirvansjahar | |||
Klassisk historie | |||
Safavid-dynastiet | |||
Khanata | |||
Qajar-dynastiet | |||
Russisk styre | |||
Tidleg sjølvstende | |||
Namnet Aserbajdsjan | |||
Den demokratiske republikken Aserbajdsjan | |||
Marsdagane | |||
Sovjetisk Aserbajdsjan | |||
Aserbajdsjanske SSR | |||
Svart januar | |||
Moderne Aserbajdsjan | |||
Republikken Aserbajdsjan |
Aserbajdsjan (aserbajdsjansk Azərbaycan) er eit land i Kaukasusområdet i Eurasia. Landet grensar til Kaspihavet i aust, den russiske republikken Dagestan i nord, Georgia i nordvest, Armenia og Tyrkia i sørvest og Iran i sør. Innbyggjarane i Aserbajdsjan er etnisk varierte, men flesteparten er aserbajdsjanarar, eit tyrkisk folkeslag som utgjer om lag 9 millionar menneske i den sjølvstendige republikken Aserbajdsjan.
Under medisk og persisk styre tok mange kaukasiske albanarar til seg parsismen og konverterte så til kristendomen før dei muslimske arabarane og dei meir viktige muslimske tyrkarane tok over. Tyrkarane trur ein kom i små grupper av ghazi-krigarar som erobra området og tyrkifiserte innbyggjarane, som tok til å snakke tyrkiske språk og konverterte til islam i løpet av ein periode på fleire hundreår.[1]
Etter meir enn 80 år under Det russiske imperiet, vart Den aserbajdsjanske demokratiske republikken grunnlagd i 1918. Staten vart invadert av sovjetiske styrkar i 1920 og vart verande under sovjetarane fram til Sovjetunionen braut saman i 1991.