Askerbanen

Askerbanen
Info
Type Jernbane
System Dobbeltspora jernbane
Status Regulær drift
Utgangsstasjon Skøyen stasjon
Endestasjon Asker stasjon
Tal på stasjonar 2
Drift
Opna 2005 (første del)
Eigar Jernbaneverket
Operatør(ar) NSB, Flytoget
Type trafikk Gods og person
Teknisk
Lengde 17,4 km
Lengde dobbeltspor 17,4 km
Høgste fart 160 km/t
Tunnelar 2
Planovergangar 0
Kart over Drammensbanen (svart line) og Askerbanen (raud line, tunnelstrekningane er stipla)
Foto: Jernbaneverket

Askerbanen er ei dobbeltspora jarnbaneline mellom stasjonane Lysaker i Bærum kommune på grensa til Oslo og Asker i Asker kommune.[1]

Askerbanen er konstruert for høg fart og avlastar den gamle dobbeltspora Drammenbanen på denne sterkt trafikkerte strekninga ved å take fjerntrafikken og mykje av godstrafikken, medan Drammenbanen hovudsakleg vert reservert for den lokale trafikken i dette tettfolka området. Askerbanen har berre dei fire stasjonane Asker, Sandvika, Lysaker og Skøyen, som er sams for både Askerbanen og Drammenbanen, medan Drammenbanen har langt fleire haldeplassar på same strekninga.

Det meste av Askerbanen ligg i dobbeltspora tunnel; det er berre forbi Sandvika i Bærum kommune og ei stutt strekning ved Åstad i Asker kommune at bana ligg i dagen.

Det fyrste byggesteget av Askerbanen, parsellen mellom Sandvika stasjon i Bærum kommune og Asker stasjon i Asker kommune, vart opna i 2005. Det andre byggesteget, parsellen mellom Sandvika stasjon og Lysaker stasjon i Bærum kommune, vart opna i 2011.

  1. [1][daud lenkje] Opninga av Askerbanen JBV

Askerbanen

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne