I medisin kan sjukdommar kallast asymptomatiske viss beraren av ein sjukdom eller infeksjon ikkje merkar symptom. Ein tilstand kan reknast for å vere asymptomatisk viss dei vanlege symptoma ikkje oppstår. Asymptomatiske infeksjon blir òg kalla subkliniske infeksjonar.
Det er viktig å veta at ein tilstand er asymptomatisk fordi:
den kan utvikle symptom på eit seinare tidspunkt og difor vil krevje vaktsam venting eller tidleg behandling
pasienten kan vere infeksiøs og uvetande spreie infeksjonen til andre
Eit døme på ein asymptomatisk sjukdom er infeksjon av cytomegalovirus (CMV), som høyrer til herpesvirus. Ein reknar med at 1 % av alle nyfødde er infiserte med CMV, men storparten av infeksjonane er asymptomatiske.[3]
↑Tattersall, R (2001). «Diseases the doctor (or autoanalyser) says you have got». Clinical Medicine (London) 1 (3): 230–3.
↑Watson, A. J.; Walker, J. F.; Tomkin, G. H.; Finn, M. M.; Keogh, J. A. (1981). «Acute Wernickes encephalopathy precipitated by glucose loading». Irish journal of medical science150 (10), s. 301–303
↑Vinson, B. (2012). Language Disorders Across the Lifespan. p. 94. Clifton Park, NY: Delmar