Basel

Basel
Mittlere Brücke over Rhinen
Mittlere Brücke over Rhinen
Mittlere Brücke over Rhinen
Kommunevåpenet til Basel
Kommunevåpenet til Basel


Plassering
Basel is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton Basel-Stadt
Distrikt ingen
Språk tysk
Borgarmeister Guy Morin
Geografi
Flatevidd
 - kommune

22,75 km²
Innbyggjarar
 - kommune (juni 2011)
   - folketettleik

169 536
  7 452,1 /km²
Koordinatar 47°34′0″N 7°36′0″E / 47.56667°N 7.60000°E / 47.56667; 7.60000
Høgd over havet 260 moh.
Diverse annan informasjon
Postnummer 4000
Nettstad: www.basel.ch

Basel (italiensk Basilea og fransk Bâle) er den tredje største byen i Sveits. Byen har 169 536 innbyggjarar (2011) og eit areal på 23 km². I storbyområdet kring Basel, som dels går inn i Frankrike (St.-Louis) og Tyskland (Lörrach, Weil, m.fl.), bur det i alt om lag 740 000 innbyggjarar.

Byen ligg nordvest i Sveits, ved grensene til Frankrike og Tyskland, og ved breidda av Rhinen.

Samferdselstiløva er gode, med blant anna eit jarnbanenett som forgreiner seg til Frankrike, Tyskland og det øvrige Sveits. Stasjonen i Basel er eit av dei viktigaste jernbaneknutepunkta i Europa. Den internasjonale flyplassen ligg i Saint-Louis, på fransk side av grensa, 13 km nordvest for sentrum. Industrien er viktig for Basel, byen er kjent for sin lækjemiddel- og kjemiindustri, som til dømes Hoffmann-La Roche, Novartis og Sandoz. Her er òg produksjon av elektrisk utstyr, maskiner og silke.

Elles kan nemnast at Basel, plasseringa si til trass, er ein viktig sjøfartsby der fleire reiarlag har kontora sine. Sambandet til havet ved hjelp av Rhinen tyder mykje for byen. Elva renn gjennom byen og deler han i to, noko som har gjeve Basel tilnamnet «byen med bruene». Hamna i Basel er endepunkt for skipstrafikken på Rhinen og den einaste hamna i Sveits.

Vidare er Basel og kjent som ein viktig kulturby, der mange kulturfestivalar, arrangement og konsertar blir avvikla. I tillegg til dette er Basel ein internasjonal utdannings- og forskningsby. Universitetet, frå 1460, er det eldste i Sveits.

Namnet Basel var òg nemninga på ein kanton, men denne vart 1833 delt i Basel-Landschaft og Basel-Stadt.


Basel

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne