Bastillen

Bastillen

Kart
Stormen mot Bastillen
48°51′12″N 2°22′09″E / 48.853333°N 2.369167°E / 48.853333; 2.369167

Bastillen var ein festning som var del av forsvarsverket til Paris, bygd i slutten av 1300-talet og påbygd i fleire etappar. Festningen blei også brukt som fengsel. Stormen av Bastillen 14. juli 1789 pleier reknast som startskotet for den franske revolusjonen. Kort tid etter storminga blei festningen riven av folket i Paris.

Bastillen før han blei øydelagd. Teikning frå 1800-talet.
Interiør. Teikning frå 1785 av Jean-Honoré Fragonard.
Storminga av Bastillen. Måleri av Jean-Pierre Louis Laurent Houel.

La Bastille Saint-Antoine blei opphavleg laga for å forsvara Saint-Antoine-porten inn til Paris. Bygginga byrja kring 1370. Festningen målte 66 x 34 meter og ved dei fire tårna var han 24 meter høg. Rundt Bastillen var det ei 8 meter djup vollgrav. Seinare blei det lagt til fire tårn til. Tårna hadde nama de Coin (Hjørnetårnet), de la Chapelle (kapelltårnet), du Trésor (skatte- eller skatteromstårnet), de la Comté (grevskapstårnet), de la Bertaudière, de la Basinière, du Puits (kjelde- eller brunntårnet) og de la Liberté (fridomstårnet). Innanfor murane var det to borggardar.

Allereie i mellomalderen byrja ein òg å nytta Bastillen som eit fengsel. Den militære tydinga til festningen minka mykje då det blei bygd ein ny ringmur om Paris, og festningen kom til å bli nytta som representasjonsslott. Under Henrik IV si tid blei statskassa halden her. Kardinal Armand Jean du Plessis de Richelieu gjorde festningen til statsfengsel tidleg på 1600-talet. Under Fronden fungerte likevel Bastillen også som forsvarsanlegg.

Fengselet blei mest brukt for aristokratiske fangar, og var derfor høvesvis komfortabelt. Fangane kunne til og med disponera flotte rom med tenestefolk og gode måltid. Totalt husa festningen eit 40-tals fangar; det fanst også fleire langt mindre behagelege plassar for borgarlege fangar i kjellarromma, les cachots. Rtter 1600-talet hadde bruken av desse fangehola blitt redusert, og frå 1774 opphøyrde også bruken av tortur i fengselet. I samtida var Bastillen eit av dei meir humane fengsla i Europa. Det dårlege ryktet kom mest frå den løyndomsfulle eimen om fengselet, og den rettslege ordninga ved mange arrestasjonar gjennom såkalla lettre de cachet, som gjorde at ein skriftleg ordre frå kongen var alt som var nødvendig for å sperra nokon inne i fengselet.

Fangane kom til å dominerast av regimekritikarar som Voltaire, men òg av umoralske adelsmenn som markis de Sade. Voltaire skriv òg om den mystiske fangen Mannen med jernmaska.

Talet på fangar var aldri stort - under Ludvig XIV si tid blei det gjennomsnittleg sett inn 30 personar i året, dei fleste berre for ei kort tid. Under Ludvig XVI si tid var talet 16 per år, og ein planla å riva Bastillen. Ved storminga under revolusjonen fann ein totalt 7 fangar - 4 falskmyntarar, 2 psykisk sjuke og ein forbrytar frå ein fornem familie som var blitt innesperra etter ønske frå framilien sin.


Bastillen

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne