Belarusisk беларуская мова, belaruskaja mova | ||
Klassifisering | Indo-europeisk Slavisk Austslavisk Belarusisk | |
Talarar | belarusarar | |
Bruk | ||
Tala i | Belarus og Polen | |
Belarusisktalande i alt | 9 000 000[1] | |
Skriftsystem | Kyrillisk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Belarus og 12 kommunar i Podlaise-vovoidskapet i Polen | |
Normert av | Det belarusiske vitskapsakademiet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | be | |
ISO 639-2 | bel | |
ISO 639-3 | bel | |
|
Belarusisk eller kviterussisk[2] er språket til den belarusiske nasjonen. Det er eitt av dei tre austslaviske språka, og blir tala i og rundt Belarus (Kviterussland).
Det moderne belarusiske språket har utvikla seg monaleg sidan det oppstod som ein versjon av rutensk. Denne varianten var offisielt språk i storhertugdømmet Litauen til 1696, og blir kalla gammalbelarusisk eller gammalkviterussisk. Den første bibelen prenta på eit austslavisk språk var visstnok på gammalbelarusisk.