Bergen kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Adm.senter | Bergen | ||
Areal | 464,71 km² | ||
• land | 445,13 km² | ||
• vatn | 19,58 km² | ||
Folketal | 291 940 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Marit Warncke (H) | ||
• Byrådsleiar | Christine B. Meyer (H) | ||
Kommunenr. | 4601 | ||
Bergen kommune 60°23′33″N 5°19′24″E / 60.3925°N 5.323333°E | |||
Kart som viser Bergen kommune.
| |||
Nettstad: www.bergen.kommune.no |
Bergen kommune er ein kommune i Vestland fylke. Kommunen vert styrt etter prinsippet om byparlamentarisme, med eit byråd som utøvande organ. Administrasjonssenteret i kommunen er byen Bergen, som òg er eitt av seta for fylkesmannen i Vestland fylke, og for administrasjonen i Vestland fylkeskommune.
Kommunen fekk sine noverande grenser i 1972, då kommunane Bergen, Arna, Fana, Laksevåg og Åsane vart slegne saman til storkommunen Bergen. Samstundes vart Bergen, som fram til då var eit eige fylke, innlemma i Hordaland fylke.
Bergen kommune i dag ligg på Bergenshalvøya saman med Bjørnafjorden kommune. Bergenshalvøya er knytt til resten av fastlandet via kommunane Vaksdal og Samnanger. Via fjordar har Bergen også grenser til fleire andre kommunar i Vestland[1] fylke: Austevoll, Øygarden, Askøy, Alver og Osterøy.
Kommunen er med
291 940 innbyggjarar den nest mest folkerike i Noreg. Handel, skipsfart, verkstadsindustri og offentleg administrasjon har tradisjonelt vore dei viktigaste næringane i Bergen. I dei siste tiåra har petroleumsrelatert verksemd også vorte ei viktig næring.Namnet «Bergen» kjem av norrønt Bergvin/Bjǫrgvin, av berg eller bjǫrg, 'berg', og vin, 'eng', slik at namnet kan tolkasttil 'den grønn enga mellom fjella'. Dei eldste delane av byen finn ein i Vågsbunnen og mot Holmen, det vil seia det området som i dag heiter høvesvis Bryggen og Bergenhus.