Berninafjella | |||
Fjellkjede | |||
Hovudtoppane i Berninafjella oppfor Morteratschbreen
| |||
Land | ![]() ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | Dei sentrale Alpane | ||
Høgaste punkt | Piz Bernina | ||
• høgd | 4 049 moh. | ||
- koordinatar | 46°37′N 09°52′E / 46.617°N 9.867°E | ||
![]() Berninafjella 46°23′N 9°55′E / 46.38°N 9.91°E | |||
Wikimedia Commons: Bernina |
Berninafjella (italiensk Massiccio del Bernina) er ei fjellkjede aust i Sveits og nord i Italia som høyrer til Dei sentrale Alpane. Det er ei av dei høgaste fjellkjedene i Alpane og er dekt av mange isbrear. Piz Bernina (4 049 m) er den høgaste toppen og er den austlegaste av fjelltoppane over 4 000 meter i Alpane. Toppen som oftast vert klatra er Piz Palü.
Nordvest for Berninafjella ligg Albulafjella på andre sida av Malojapasset og den øvre Engadindalen. Aust for Berninapasset ligg Livignofjella. Sør for Addadalen (Valtellina) ligg Bergamoalpane og sørvest for Murettopasset ligg Bregagliafjella. Vatnet i Berninafjella vert ført bort via elvane Adda, Inn og Mera.
Berninaalpane vert stundom nytta om både Bernina- og Bregagliafjella. Dette området er merkt av med gult på kartet og «Bernina Alpen».