Eit biland er eit område som er formelt underlagde ein stat, men som ikkje er direkte administrerte av «eigarstaten».
Norske biland er ikkje delar av kongeriket, medan biland av andre land kan vere det, til dømes Færøyane og Grønland. Dei er delar av det danske kongeriket. På ein annan side er Svalbard ein del av kongeriket Noreg, og dimed etter norsk rett og tradisjon ikkje eit biland.