Bonn | |
---|---|
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Nordrhein-Westfalen Köln Kreisfri by |
Geografi | |
Flatevidd - By |
141,22 km² |
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik |
314 299 2 226/km² |
Koordinatar | 50°44′0″N 7°6′0″E / 50.73333°N 7.10000°E |
Høgd over havet | 46-195 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 53000-53359 |
Telefon-retningsnummer | 0228 |
Bilnummer | BN |
Heimeside: www.bonn.de |
Bonn er ein by i Tyskland og delstaten Nordrhein-Westfalen. Han har om lag 315 000 innbyggjarar, og er av dei 20 største byane i landet, og ligg om lag 20 km sør for Köln ved elva Rhinen.
Han var hovudstad i Vest-Tyskland frå 1949 til 1990 og var det offisielle sete til regjeringa fram til 1999. I frå 1998 vart mange nasjonale institusjonar flytta frå Bonn til Berlin. Begge husa til det tyske nasjonalparlamentet, Bundestag og Bundesrat, vart flytta i lag med kanslarkontoret og bustaden til Bundespräsidenten. Bonn er likevel framleis eit senter for politikk og administrasjon. Om lag halvparten av dei statlege departementa og statsstillingane vart verande igjen i Bonn. Som følgje av dette har Bonn i dag tittelen Bundesstadt (Forbundsby).
Bonn har utvikla seg til eit senter for internasjonalt samarbeid, særleg innan miljø og berekraftig utvikling. I tillegg husar byen fleire internasjonale organisasjonar og institusjonar, mellom anna 12 institusjonar frå SN. Av desse finn ein United Nations Framework Convention on Climate Change (UNFCCC) og United Nations Convention to Combat Desertification (UNCCD).
Bonn er òg sete for fleire av dei største selskapa i Tyskland, hovudsakleg innanfor telekommunikasjon og logistikk.
Frå 1597 til 1794 var byen residens for erkebiskopen av Köln.