Bygland kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder | ||
Adm.senter | Bygland | ||
Areal | 1 312 km² | ||
• land | 1 156 km² | ||
• vatn | 156 km² | ||
Folketal | 1 180 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Sigbjørn Åge Fossdal (Ap) | ||
Kommunenr. | 4220 | ||
Bygland 58°49′28″N 7°48′07″E / 58.824444°N 7.801944°E | |||
Kart som viser Bygland kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Bygland | |||
Nettstad: www.bygland.kommune.no |
Bygland er ein norsk kommune i Agder fylke. Kommunen grensar mot Valle i nord, mot Fyresdal og Åmli i aust, mot Birkenes og Evje og Hornnes i sør og mot Åseral, Kvinesdal og Sirdal i vest.
Kommunen er ein del av Setesdal, og det er i dalbotnen ein finn mesteparten av busetnaden i kommunen. Bygland er også namnet på tettstaden som er kommunesenter i Bygland kommune. Byglandsfjord er den største tettstaden i kommunen, og husar dei fleste største verksemdene her.[1]
Bygland kommune har 7 500 daa jordbruksareal og 250 000 daa produktiv skog. Størstedelen av kommunen ligg over 700 moh. Dei lågaste områda ligg langs Byglandsfjorden og elva Otra på om lag 200 moh. Det høgaste punktet i kommunen er Reinshornheii på 1 161 moh.[2]