Bygning eller bygnad er eit byggverk som etter nokre definisjonar har som hovudfunksjon å gje vern til det eller dei som er inni.[1] Det er vanlegvis ein frittståande, permanent konstruksjon som er heilt eller delvis innelukka rundt eit eller fleire rom. Døme på bygningar er hus, hytte, hall, hangar, blokk og driftsbygning.[2]