Sambandsetterretning (engelsk Communications Intelligence, forkorta COMINT) er ein underkategori av SIGINT som styrer med avlytting av meldingar eller telefonsamtalar fanga opp frå framande samband.[1][2]
Ein vil prøva å finna ut desse elementa:
- Kven er det som sender meldinga eller snakkar i telefonen
- Kva for ein organisasjon høyrer desse til, og kva for rolle har dei i denne organisasjonen
- Etablere tidspunkt for meldingane eller samtalane - byrjing og slutt, og freista finna om det finst eit periodisk system i sendingane
- Etablere frekvensbruk, transmisjonstype og alle tekniske karakteristikkar i sendingane
- Registrere bruk av språk, dialektar, kodeord, trafikkodar og eventuell kryptering - eventuelt om dette kan dekrypterast
- Registrere eventuell bruk av adresser
- For avlytting av telefonisamtalar er det òg viktig å lytte etter bakgrunnsstøy, andre stemmer, motorlyd og liknande
Under Andre verdskrigen brukte USA sambandsfolk frå urfolka navajo og comanche som brukte eigne stammespråk for å gjere det vanskeleg for Japan å gjere seg nytte av informasjonen fra samtalane.
- ↑ http://whatis.techtarget.com/definition/COMINT-communications-intelligence
- ↑ http://en.citizendium.orgview_html.php?sq=crain_ford&lang=nn&q=Communications_intelligence