Columbia Hills er eit uoffisielt namn på nokre låge åsformasjonar i Gusev-krateret på Mars. Namna er gjevne av Mars Exploration Rover- prosjektmedlemma og er ikkje godkjende av IAU. Åsane blei observerte av MER - A, Spirit, når han landa inne i krateret i 2004. Dei ligg omtrent tre kilometer unna landingsplassen. Dei er namnsette til minne om astronautane som døydde i Columbia-katastrofen. Den 2. februar 2004 fekk kvar av toppane namn etter dei sju astronautane som døydde i ulykka.
Dei sju toppane er, frå nord mot sør: