DNA-virus

Ein mimivirus-partikkel, eit DNA-virus

DNA-virus er virus som nyttar DNA som arvestoff, og dei kan ha både dobbelt- og enkelttråda DNA.[1] Nokre DNA-virus nyttar eit RNA-mellomsteg i økslinga (pararetrovirus).[2] Bakteriofagar er truleg den største biomassenjorda,[3] og dei aller fleste kjende bakteriofagane er dobbelttråda DNA-virus.[4][5] Herpesvirus, koppar-virus og pandoravirus er andre døme på DNA-virus.[5]

Dobbelttråda DNA-virus utviklar seg mykje tregare enn RNA-virus. DNA-virus nyttar DNA-polymerasar som kan retta opp att lyte som oppstår ved laging av nye DNA-molekyl. Av ein ukjend grunn utviklar derimot enkelttråda DNA-virus seg omtrent like snøgt som RNA-virus, sjølv om dei nyttar DNA-polymerasar frå verten.[2][6]

Fleire større dobbelttråda DNA-virus har ein indre membran som femnar om DNA-et, og eit DNA-virus med to kapsid er kjent (faustovirus).[7]

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Roux2012
  2. 2,0 2,1 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Sanjuán2016
  3. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Rao2015
  4. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Krishnamurthy2016
  5. 5,0 5,1 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Koonin2015
  6. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Holmes2008
  7. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Klose2015

DNA-virus

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne