Den kalde krigen var den konstante motsetninga, rustingskappløpet og politiske spenninga mellom dei to supermaktene USA og Sovjetunionen frå ca 1947 til slutten av 1980-åra, da Mikhail Gorbatsjov som sovjetisk leiar sørgde for å avblåse «krigen». I periodar av såkalla «avspenning» før den tid, heldt opprustinga i røynda fram, på begge sider.
Uttrykket «kald krig» går på at motsetninga til tider var sterk som i ein krig, men «kald» på den måten at det faktisk ikkje blei storkrig, mellom anna truleg fordi dei to partane sine atomvåpenarsenal heldt kvarandre i sjakk – den såkalla terrorbalansen. Den kalde krigen ramma likevel mange, både ved innskrenking av politisk fridom, reiserestriksjonar og stadig angst for utsletting gjennom atomkrig.