Den kamkeramiske kulturen er ein steinalderkultur som er påvist i barskogbeltet i Nordaust-Europa i steinalderen omtrent 5 000–2 000 f.Kr. På det største var kulturen utbreidd frå Bottenvika og Austersjøen til Ural og frå munningen av Wisla til Polhavet. Keramiske kar er over heile området av same form, men det er til ein viss grad variasjon i dekorasjonane. Området til den kamkeramiske kulturen er meir eller mindre det same som området der det langt seinare vart snakka finsk-ugriske språk. Det er dermed mogleg at den kamkeramiske kulturen er knytt til forfedrene til talarane av desse språka.[1]
Kamkeramikken representerer den eldste keramikken i Finland. Kulturen har fått namnet sitt frå 40-50 liter store kar med bølgande mønster som i slutten av perioden hadde avtrykk av kammar.