53°8′N 1°36′W / 53.133°N 1.600°W
Derbyshire | |||
grevskap | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Region | Aust-Midlands | ||
Areal | 2 625 km² | ||
Folketal | 1 001 500 (2008) | ||
Grunnlagd | Historisk | ||
Status | Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap | ||
Derbyshire 53°11′N 1°37′W / 53.18°N 1.61°W | |||
Kart som viser Derbyshire.
| |||
Wikimedia Commons: Derbyshire |
Derbyshire er eit grevskap i Aust-Midlands i England. Ein stor del av Peak District nasjonalpark ligg i Derbyshire. Den nordlege delen av Derbyshire overlappar Penninane, ei fjell- og åskjede. Grevskapet omfattar delar av National Forest og grensar til Stor-Manchester i nordvest, West Yorkshire i nord, South Yorkshire i nordaust, Nottinghamshire i aust, Leicestershire i søraust, Staffordshire i vest og sørvest og Cheshire i vest. Derbyshire kan reknast som det geografiske midtpunktet i Storbritannia. Ein gard nær Coton in the Elms er utpeikt som den staden på øya som ligg lengst vekke frå havet.[1]
Byen Derby har i dag ei einskapleg styresmakt, men er ein del av det seremonielle grevskapet Derbyshire. Det ikkje-metropolitanske grevskapet inneheld 30 byar med 10 000 til 100 000 innbyggjarar, men grevskapet består hovudsakleg av landlege område. 75 % av innbyggjarane bur i 25 % av arealet til grevskapet. Sjølv om Derbyshire ligg i Aust-Midlands, er somme delar av grevskapet, som High Peak, nær storbyane Manchester og Sheffield i nord, og desse områda deler tenester med desse byane, som ambulanseteneste, Granada Television og United Utilities. Utanom Derby er den største byen Chesterfield.