Devon | |||
grevskap | |||
Motto: Auxilio divino (latinsk «Med gudommeleg støtte») | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Region | Sørvest-England | ||
Areal | 6 707 km² | ||
Folketal | 1 141 600 (2008) | ||
Grunnlagd | Historisk | ||
Status | Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap | ||
Devon 50°42′N 3°48′W / 50.7°N 3.8°W | |||
Kart som viser Devon.
| |||
Wikimedia Commons: Devon |
Devon er eit stort grevskap i England. Grevskapet vert stundom uoffisielt kalla Devonshire, som regel i historisk samanheng. Grevskapet grensar til Cornwall i vest og Dorset og Somerset i aust. Kystlinja følgjer Den engelske kanalen i sør og Bristolkanalen i nord.
Devon er det tredje største grevskapet i England ut frå areal og har om lag 1,1 millionar innbyggjarar. Administrasjonssbyen er Exeter og grevskapet inneheld to sjølvstendige einskaplege styresmakter: hamnebyen Plymouth og Torbay, i tillegg til Devon grevskapsråd. Plymouth er den største byen i Devon. Det meste av grevskapet er landleg med låg folketettleik til å vere Storbritannia. Her ligg Dartmoor på 954 km², det største opne området i Sør-England.[1]
Den einaste naturlege verdsarvstaden til UNESCO i England ligg i Devon. Dette er kyststripa langs Dorset og Aust-Devon, kjend som Jurassic Coast på grunn av dei geologiske og geografiske kjennemerka. I lag med Cornwall vert Devon rekna som ein del av «Det korniske massivet». Dei geologiske tilhøva her har gjeve landskap som Dartmoor og Exmoor, som begge er nasjonalparkar. Devon har mange feriestader ved kysten og historiske byar, samt eit mildt klima, som trekkjer til seg mange turistar.