Diageo | |||
![]() | |||
![]() | |||
Skipa | 17. desember 1997 | ||
---|---|---|---|
Eigar | BlackRock, Capital Group Companies | ||
Eigenandel i | Cîroc | ||
Hovudkontor | London | ||
Land | Storbritannia | ||
Produkt | alkoholhaldig drikke | ||
Adm.dir. | Ivan Menezes | ||
Nettstad | http://www.diageo.com |
Diageo plc (/diˈædʒioʊ/) er eit britisk fleirnasjonalt selskap for alkoholhaldig drikke, med hovudkontor i London. Det opererer frå rundt 132 stader rundt om i verda.[1] Det er ein stor distributør av skotsk whisky og andre alkoholdrikkar. Destilleriane som har Diageo som eigar produserer 40 % av all skotsk whisky med over 24 merke, som Johnnie Walker, J&B og Vat 69.[2]
Dei leiande merka til føretaket inkluderer Johnnie Walker, Guinness, Smirnoff, Baileys-likør, Captain Morgan-rom og Tanqueray og Gordon's Gin.
Diageo har hovudnotering på London Stock Exchange og er ein del av FTSE 100-indeksen. Det har sekundærnotering på New York Stock Exchange.