Diamant | |||
Ein lett misforma åttesida diamant i matriks som er typisk for mineralet. | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Gedigne mineral | ||
Kjemisk formel | C | ||
Strunz-klassifisering | 01.CB.10a | ||
Identifikasjon | |||
Molekylvekt | 12,01 g/mol | ||
Farge | Ofte gul, brun eller grå til fargelaus. Mindre ofte blå, grøn, svart, gjennomskineleg kvit, rosa, fiolett, oransje, lilla og raud. | ||
Krystallform | Åttesidig | ||
Krystallsystem | Isometrisk-heksotahedral (Kubisk) | ||
Kløyv | 111 (perfekt i fire retningar) | ||
Brot | Muslig (skal-liknande) | ||
Mohs hardleiksskala | 10 | ||
Glans | Diamantaktig | ||
Strekfarge | fargelaus | ||
Transparens | Gjennomsiktig til delvis gjennomsiktig til gjennomskineleg | ||
Spesifikk vekt | 3,511[1] | ||
Polert glans | Diamantaktig | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Isotrop | ||
Brytingsindeks | 2,418 (ved 500 nm) | ||
Dobbeltbryting | Ingen | ||
Pleokroisme | Ingen | ||
Dispersjon (spreiing) | 0,044 | ||
Smeltepunkt | Trykkavhengig | ||
Kjelder | [2] |
Diamant er eit mineral som i likskap med grafitt er sett saman av reint karbon og er ein av dei allotrope formene til karbon. I diamant er karbonatoma kovalent bundne til kvarandre i eit nettverk slik at kvart atom har binding til fire andre.