Kabir | |
Måleri av Kabir medan han vev, med ein disippel ved sida si (1825). | |
Fødd | 1398 Varanasi |
Død |
1518 (120 år) |
Yrke | Vevar |
Tema | Samband med det guddomlege |
Periode | Indisk mellomalderlitteratur |
Rørsle | Bhakti-rørsla |
Sjanger | Bhakti-poesi |
Religion | Hinduismen |
Diktaren Kabir på Commons |
Kabir (fødd ca. 1440 i Varanasi, død ca.1518 i Maghar) var ein religiøs diktar og mystikar som blir dyrka som ein helgen mellom hinduar, sikhar og muslimar. Han er opphavsmann til den hinduiske sekta Kabir-panth («Kabir-vegen»), som reknar Kabir som sin viktigaste guru. Jamvel om han vart fødd inn i ein muslimsk familie var han sterkt påverka av hinduismen. I dikta sine går han til åtak på utvendig pomp og prakt i både hinduisme og islam, og gjev uttrykk for at berre kjærleik til Gud kan føre til eit ekstatisk samband med det guddomlege.