Dugnad (av norrønt dugnaðr, 'hjelp') er arbeid utført i fellesskap der dei som medverkar ikkje vert betalte. Arbeidet kan utførast for fellesskapet eller for ein enkeltperson. Dugnadar skjer vanlegvis i eit lokalsamfunn, men kan òg skipast til på regionalt, nasjonalt eller til og med internasjonalt plan.
Typiske dugnadsarbeid er enkeltprosjekt som krev mykje arbeidskraft, som å setja opp ein bygning (til dømes ei låve, ein kai eller ei båtstø), nokre typar gardsarbeid som tresking eller hausting, eller stelling av fellesområde.