ELINT - Elektronisk signaletterretning, (Engelsk: Electronic signals intelligence) (russisk: Радиотехническая разведка)[1][2] er ein del av etterretningsdisiplinen SIGINT. ELINT brukar elektroniske sensorar som fokuserar på signal som ikkje direkte kan klassifiserast som samband[3] (engelsk forkorting: NONCOM). Identifisering av signala vert gjrot ved å samanlikna parametrane med kjende kriteriar, lagra i eit slags bibliotek.
ELINT-innsamling vert mest gjort for å avdekkja militær bruk av elektromagnetiske signal hjå opponentar, konkurrentar eller mogelege fiendar i framtida, særleg i form av Radar-emisjonar og utstråling frå våpensystem.