Eksos er restgassar etter forbrenning av fossile drivstoff i forbrenningsmotorar. Restgass frå omnar og industri vert ofte kalla røyk. Eksos inneheld mange ulike gassar. Nokre av desse, som til dømes nitrogen (N2) og vassdamp (H2O) er ufarlege, medan andre er giftige. Karbonmonoksid (CO), eller kolos, er ein giftig gass som finst i eksos og som kan føra til dødsfall om ein pustar inn for mykje av han; luft med rundt 0,1 % kolos kan vera døyeleg. Eksos inneheld òg ymse hydrokarbonar. Eksos frå dieselmotorar inneheld dessutan nitrogenoksidar (NOx) og små sotpartiklar, som er uheldig når dei kjem ned i lungene.