Elbrus Эльбрус | |||
vulkan | |||
Elbrus i mai 2008
| |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | Seven Summits, Volcanic Seven Summits | ||
Fjellkjede | Kaukasus | ||
Høgd | 5 642 moh. | ||
Primærfaktor | 4 710 m | ||
Koordinatar | 43°21′N 42°26′E / 43.350°N 42.433°E | ||
Vulkantype | Stratovulkan | ||
Siste utbrot | år 50 ± 50 år | ||
Vulkanaktivtet | sovande vulkan | ||
Lettast tilkomst | Enkel klatring på snø/is. | ||
Førstestiging | Khilar Khatsjirov | ||
• dato | 22. juli 1829 | ||
Elbrus 43°21′09″N 42°26′16″E / 43.35254°N 42.437875°E | |||
Wikimedia Commons: Elbrus |
Elbrus er ein fjelltopp vest i Kaukasus i Kabardino-Balkaria og Karatsjajevo-Tsjerkessia i Russland, nær grensa til Georgia. Fjellet er ein stratovulkan som har vore sovande i om lag 2 000 år, og er det høgaste fjellet i Kaukasus. Om ein reknar grensa mellom Asia og Europa langs vasskiljet i Kaukasus eller nokon stad sør for dette, så er Elbrus det høgaste fjellet i Europa. Den vestlegaste av dei to toppane på Elbrus er 5 642 meter over havet, medan austtoppen er litt lågare med 5 621 meter over havet.