Eldhus (frå norrønteldhús) eller størhus (norrønt steikarahús) er nemninga på ein bygning med eldstad til ein viss bruk, til dømes vasking eller baking. Ulike stader har ein også kjend bygningen som bakarstue, bryggarhus, kylne, masstu (matstove) og sørpehus.