«Eleanor Rigby» Singel av The Beatles frå albumet Revolver | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 5. august 1966 | |
Innspelt | Abbey Road 28.-29. april 1966 | |
Sjanger | Barokk pop | |
Lengd | 2:06 | |
Selskap | Parlophone (UK) Capitol (USA) | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon/McCartney | |
Produsent | George Martin | |
The Beatles-kronologi | ||
«Paperback Writer» (1965) |
«Eleanor Rigby» | «Strawberry Fields Forever» / «Penny Lane» (1966)
|
«Eleanor Rigby» er ein song av The Beatles som kom ut på albumet Revolver i 1966. Songen er hovudsakleg skriven av Paul McCartney.[1] Han er ein av dei mest utypiske og lettast gjenkjennelege av Beatles-songane med ein dobbel strykekvartett arrangert av George Martin og tekst om einsemd. Songen var eit framhald av den musikalske forvandlinga bandet starta med Rubber Soul frå å vere eit hovudsakleg pop-basert band til eit meir seriøst og eksperimentelt band.
«Eleanor Rigby» vert ofte skildra som ein klagesong for einsame menneske.[2] Songen gjev glimt frå liva til ei kvinne, Eleanor Rigby, og ein prest, Father MacKenzie. Han endar med gravferda til Eleanor Rigby der presten ikkje har nokon å tala for.
All the lonely people, where do they all come from?
Paul McCartney
|
![]() |