Ein elektrisk krins er sett saman av fleire passive og/eller aktive elektriske komponentar, kopla saman ved hjelp av elektriske leiarar slik at ein elektrisk straum kan flyte gjennom krinsen når han vert kopla til ei spenning- eller straumkjelde. Passive komponentar er komponentar som ikkje tilfører energi til krinsen, som motstandar, spolar, kondensatorar, osb. Aktive komponentar er komponentar som kan tilføra energi til krinsen, som til dømes transistorar.