Generelt | |
---|---|
Namn | Etanol |
Kjemisk formel | C2H5OH |
Molekylmasse | 46,069 u |
CAS-nummer | 64-17-5 |
UN-nummer | 1170 |
Faseeigenskapar | |
Smeltepunkt | 158,8 K (−114,3 °C) |
Kokepunkt | 351,5 K (78,4 °C) |
Trippelpunkt | 159 K (−114 °C) |
Kritisk punkt | 514 K (241 °C) 63 bar |
ΔfusH | 4,9 kJ/mol |
ΔfusS | 31 J/mol·K |
ΔvapH | 38,56 kJ/mol |
Løyselegheit | Løyseleg i vatn |
Syre-/base-eigenskapar | |
pKa | 15,9 (H+ frå -OH gruppe) |
pH | 7,0 (nøytral) |
Væskeeigenskapar | |
ΔfH0liquid | −277,38 kJ/mol |
S0liquid | 159,9 J/mol·K |
Cp | 112,4 J/mol·K |
Tettleik | 789 gram/l |
Gasseigenskapar | |
ΔfH0gas | −235,3 kJ/mol |
S0gas | 283 J/mol·K |
Cp | 65,21 J/mol·K |
Tryggleiksforhold | |
Akutte effektar | Ubehag, brekningar, CNS-depresjon. Død i alvorlege tilfelle. |
Kroniske effektar | Avhengighet, skrumplever. |
Flammepunkt | 290 K (17 °C) |
Sjølvantenningstemperatur | 698 K (425 °C) |
Eksplosiv grense | 3,5–15 % |
Meir informasjon | |
Eigenskapar | NIST WebBook |
MSDS | Hazardous Chemical Database Arkivert 2004-12-08 ved Wayback Machine. |
Etanol eller etylalkohol (C2H5OH; også kalla «sprit» og «alkohol» i daglegtale) er ein alkohol som – fordi han har så kort karbonkjede – løyser seg forholdsvis lett i vatn i høve til andre alkoholar. Alle alkoholar har ein viss giftverknad, men etanol er den minst giftige av dei einverdige alkoholane, og kan i fortynna form og i små nok dosar fortærast utan alvorlege mein. Etanol utgjer den rusframkallande komponenten i drikker som øl, vin og sprit.
Framstilling skjer oftast ved gjæring av sukkerhaldige væsker. Etanol bør ikkje forvekslast med metanol (tresprit) som i små dosar kan føra til blinde med meir, og i større dosar til døden.
Etanol omvandlast i kroppen først til acetaldehyd og så til eddiksyre (acetat). Den spesifikke energien (næringsverdien) for etanol er 30 kJ/g (7 kcal/g), som kan samanliknast med 17 kJ/g (4,1 kcal/g) for karbohydrat og protein, og 38 kJ/g (9 kcal/g) for feitt.