Etterretningstenesta | |||
| |||
Type | organisasjonsledd | ||
---|---|---|---|
Org.nummer | 974789221 | ||
Skipa | 1915 | ||
Hovudkontor | Lutvann leir | ||
Tilsette | 1 900 (2023) | ||
Motto | Viten om verden for vern av Norge | ||
Nettstad | forsvaret.no/fakta/organisasjon/Etterretningstjenesten |
Etterretningstenesta (tidlegare Forsvarets etterretningsteneste, også kalla E-tenesta) er den sivile og militære utealandsetterretningstenesta i Noreg. Ho har det koordinerande og rådgjevande ansvaret for all etterretningsverksemd i Forsvaret. Etterretningstenesta hentar inn, bearbeider og analyserer informasjon som gjeld norske interesser, sett i høve til framande statar, organisasjonar og individ. Hensikten med etterretningsverksemd er å bidra til å gje norske styresmakter eit solid avgjerdslegrunnlag i saker som gjeld utanriks-, tryggleiks- og forsvarspolitikk. Sjefen for Etterretningstenesta er direkte underlagd Forsvarssjefen.