Fakkel

For fotosfærisk fakkel, sjå fakkel i astronomi.
Ein brennande fakkel.
Moderne fakkel nytta til eldsluking.

Ein fakkel er ei eld- og lyskjelde laga av ein stav med brennbart materiale i eine enden. Dette kan til dømes vera trefliser, tynne stikker eller bast, og materialet kan ofte vera innsett med til dømes bek, tjøre eller petroleum for å brenna betre.[1] Faklar er blitt nytta til opplysing, opptog, rituale og som symbol frå gammal tid. I moderne tid er dei ikkje i dagleg bruk, men kan nyttast seremonielt, mellom anna i demonstrasjonar og til å tenna bål som den olympiske elden. Faklar kan også brukast til eldsluking og sjonglering.

  1. «fakkel – brennfakkel». Store norske leksikon (på norsk). 23. august 2023. 

Fakkel

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne